,

NORSK ØKONOMI

Dette innlegget vart publisert i Dag og Tid nr.32 2021.

Det er ein kommentar til ein artikkel av Jon Hustad, men og om den økonomiske stoda i Noreg i 2021.

******************************

Jon Hustad veit mykje, og skriv godt, om økonomi. I Dag og Tid 9.juli («Noreg best i klassa») er han nok likevel på litt ville vegar.

Hustad skriv at «Noregs eksportgap .. aldri har vært større enn no». Eksportgapet (current account på engelsk) var nok mykje større då oljeprisen var langt over 100 dollar, og importen lavere enn i dag. At Noreg eksporterer meir enn landet importerer, er sjølvsagt bra, men vi er langt frå best i klassa. Tidsskriftet The Economist har kvar veke ein oversikt over økonomiske indikatorer for over 50 land. Ein indikator er «current account», og i prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP) er det 20 land som gjer det betre enn Noreg. Samanlikna med Sverige og Danmark er Noreg heller ikkje best. I løpende valuta (USD) har Sverige eit årleg overskot på rundt 2200 USD, medan Danmark har eit overskot på 4500 USD for kvar innbygger. Noreg har eit overskot på rundt 1700 USD. Medan Sverige ikkje har oljeinntekter i det heile tatt, og Danmark svært små, gjer dei det likevel langt betre enn Noreg. Tar ein omsyn til kjøpekrafta, er skilnaden endå større.

Hustad skriv også at «det vi i dag kallar Oljefondet, er ingenting anna enn valutareservar. Oljefondet er i røynda ein einaste stor eksportfabrikk». Det om valutareserver er korrekt, men Oljefondet er ingen «eksportfabrikk». Fondet er bygd opp av inntekter frå eksport av olje og gass i løpet av dei siste 20-30 åra. I dag er eksportinntekter berre ein liten del (ca. 30%) av inntektene til Oljefondet. Resten er avkastning frå investeringane som er gjort, men dei kan variere mykje frå år til år.

Inntektene frå olje og gass som gjekk til Oljefondet, stammar i liten grad frå arbeid. I hovudsak kjem dei fra det som vert kalla grunnrente. Det er inntekter frå sal av olje og gass ut over normal forteneste, og er meir å likne med ei Guds gåve. Denne merinntekta er grunnen til at oljeselskap må betala ein tilleggsskatt på 56% på overskotet sitt.

Før korona-epidemien ville den norske regjeringa bruka 250 milliardar frå Oljefondet over statsbudsjettet. I dei to korona-åra (så langt) vart det 4-500 milliardar i året, eller 80-100.000 kroner for kvar einaste nordmann. Endatil skattefrie kroner!

Ein kan sjølvsagt lure på kor alle desse pengane har funne vegen. Men som Hustad skriv: «få har kome så langt i avindustrialisering som Noreg». Det er riktig.

Pengane på Oljefondet, er i røynda alle fordringar på utenlandske tenester, som kompensasjon for levert olje og gass (og seinare avkastning). Ein stor del av oljepengane går til avløning av det store talet på offentlege tilsatte i Noreg, langt meir enn t.d. i Sverige og Danmark, samt diverse generelle overføringar. Dei som mottak desse pengane, og alle får noko, kan så nytte dei til kjøp av varer produsert i utlandet. Så treng vi ikkje mykje av den industrien vi før hadde.

Dette synest vera ein ideell tilstand. Men er det det? Og kva om vi «brukar opp Oljefondet»? Det kan godt skje, dersom eller når petroleumsverksemda fell bort. Hustad har et svar på det:»Resultatet av å skapa nye arbeidsplassar som ikkje er økonomisk lønsame, vert i alle høve det same: Til slutt må vi verta fleire tilsette i eksportindustrien og færre i velferdsstaten».

Fleire verdiskapende arbeidsplassar kan berre skje dersom Noreg startar å bruke oljepenger til utbygging av ny infrastruktur. Det er det eigentlege grunnlaget for all nyskaping.

Ivar Sætre
Sivilingeniør
Stavanger.

NOKRE REFERANSETAL
*****************************************
BNP 2020 (World Bank)
Norge: USD 67295 (100%)
Danmark: USD 60909 (91%)
Sverige: USD 51926 (77%)

Current account I % av GDP (The Economist, July 2021)
Norge: 2,5% => 1682 USD/innb.
Danmark: 7,4% => 4507 USD/innb.
Sverige: 4,3% => 2232 USD/innb.