,

Alvoret i klimakrisa

Nedenfor er en kommentar til et leserinnlegg i Dag og Tid den 13.september 2019, av den pensjonerte meteorologen Sigbjørn Grølnås: «Forstår Dag og Tid alvoret i klimakrisa?»

**************************************

Den pensjonerte meteorologiprofessoren Sigbjørn Grønås skriv i DT 13.9.19 at han kjempar mot klimakrisa. Han meiner at DT ikkje forstår alvoret, og vil at folk må lesa «ei genial lita bok» om dette av «eit godt menneske», Greta Thunberg. Boka har tittelen «No One Is Too Small to Make A Difference». Eg fekk tak i boka på amazon.com (Kindle), men vart svært skuffa. Den kortfatta boka er ei samling av skremseltalar Thunberg har halde det siste året eller så. Kriseforståinga er noko Thunberg fekk før ho var 10 år. Sjølv om ho sjølv meiner ho held seg til eintydig vitskapleg kunnskap (frå IPCC), inneheld ikkje boka eit einaste vitskapleg argument om den såkalla klimakrisa. Boka er derimot full av svartmåling om kor dårlig det står til i verda, og kor gale det vil bli om vi ikkje snarast snur oss rundt og gjer noko. Nøyaktig kva som skal gjerast, og korleis, står det lite om.

Grønås meiner boka til Thunberg «fortel ut frå påliteleg forsking kor alvorleg klimakrisa er». Det er vanskeleg å forstå korleis Grønås kan kome til ein slik konklusjon.

Lennart Bengtsson, ein av Nordens nålevande mest meriterte meteorologar og ein av verdas ledande klimaforskerar, har sagt at det fins ingen klimakrise, og at «klimaendringane er sterkt overdrevne» (sjå klimarealisene.com). Grønås ser ut til å tru meir på følelsene til ei 16 år gamal svensk jente enn på ein ekspert innan sitt eige fagfelt.

Endå meir overtydande er den amerikanske meteorologen og klimaforskaren Roy Spencer, som saman med ein annan klimaforskar, John Christy, starta opp satellittmålinger av temperaturen i atmosfæren i 1979. Desse målingane er antakelig dei mest pålitelege anslaga for temperaturen på Jorda, og gjer ingen grunn til uro.

Spencer har skrive fleire vitskapleg funderte, men lettleste, bøker om klima. Folk bør heller lese dei enn boka til Thunberg. Start med «An Inconvenient Deception: How Al Gore  Distorts Climate Science and Energy Policy». Kindle-utgåva kan kjøpas for under 4 dollar på amazon.com. Der kan også andre bøker av Spencer skaffast for ein billeg penge.

Ivar Sætre

Sivilingeniør

Stavanger